Handballjentene i Volda imponerte mot eliteserielag

Volda-jentene gjorde det godt mot Tertnes. (arkivfoto).  Foto: Janne-Marit Myklebust

Sport

I tredje NM-runde møtte Volda eliteserielaget Tertnes i Voldahallen onsdag kveld. Voldingane hang godt med i store delar av kampen, men tapte til slutt 21 – 30.

Bergenslaget Tertnes visste klasse i andre omgang, og vann til slutt komfortabelt med ni mål.

Trenar for Volda, Halldor Stefan Haraldsson, var godt nøgd med prestasjonane til jentene.

– Vi heng med i periodar, men Tertnes er vande til å spele i høgt tempo i eliteserien. Vi er ikkje like vande med det, men eg synst vi heng med imponerande bra. Tertnes var litt klokare enn oss, vi gjorde litt fleire feil, og det vart lett å kontre mot oss, seier Haraldsson til Nernett.no.

Volda viste i periodar at dei har eit høgt nivå inne, og Haraldsson meiner det var mykje positiv å ta med seg vidare frå denne kampen.

– Vi spelar fint i forsvar og Hilde Søyseth er fantastisk bra i mål, og angrepsspelet er periodevis veldig bra. Det er mykje positivt, seier trenaren til Nernett.

Særleg i første omgang gjorde Volda det bra. Trass i at bergensarane tidleg tok ei leiing på tre – fire mål, hang Volda godt med.

Ingrid Rye hjå Volda imponerte i starten av kampen, og scora tidleg to mål. Søyseth i mål gjorde mange viktige redningar som gjorde at Volda hang bra med i kampen.

Til pause var stillinga 11-14 i favør Tertnes.

I andreomgangen gjekk det derimot litt tråare for heimelaget, for leiinga til Tertnes auka tidleg, og til slutt enda det med ni mål mellom laga. 21–30 vant Tertnes over Volda, men Volda-trenaren var ikkje skuffa av den grunn.

– 30 baklengsmål mot Tertnes, som held eit så høgt nivå syntest eg eigentleg er bra av oss. Når vi gjer feil, så er Tertnes så gode at dei straffar oss nesten kvar gong. Men i periodane der vi spelar disiplinert så heng vi godt med, seier Volda-trener Halldor Stefan Haraldsson til Sunnmørsposten.

Offensivt var det Fride Støylen som var mest imponerande for heimelaget, ho kom inn og scora fire mål mot Eliteserieklubben. Det var også fleire spelarar som scora tre gongar: Ingrid Rye, Aleksandra Zimny og Ingeborg Furunes. Resten av måla var det Lone Vik (2), Maria Ulla (2), Kine Kvalsund (2), Hanna Ræstad (1) og Andrea Ose (1) som sto for.