Handballstart i Ørstahallen

Møter Sverresborg tre gonger på same dag

Seriestart: Handballherrane, G16- og G18-laget startar alle sesongen heime mot Sverresborg i Ørstahallen laurdag.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Laurdag startar både herrelaget, G16- og G18-laget til Ørsta sesongen på heimebane.

Herrelaget til Ørsta handball har ambisjonar om å vere med heilt i toppen av 3. divisjon denne sesongen. Laurdag kjem Sverresborg, eit lag som også truleg vil vere med i toppkampen, på besøk til Ørstahallen. Laget frå Trondheim kjem ikkje berre med eitt lag. G16- og G18-laga til Ørsta og Sverresborg skal også starte seriespelet i Toppserien, og dermed blir det tre kampar mellom Ørsta og Sverresborg laurdag.

Handballgruppa har von om godt besøk når dei inviterer til handballfest.

– Vi lager til litt ekstra for å vise fram handballen både for voldingar og ørstingar. Dette skal bli ei god oppleving for dei som stiller opp i Ørstahallen. Det blir tøff motstand for alle laga våre, og alle laga får ein peikepinn på korleis dei ligg an, seier Kenneth Nydahl i Ørsta IL handball.

Det er handballherrane som først skal i aksjon. G16-laget spelar den andre kampen før G18-laget avsluttar handballaurdagen.