Klar for nytt låneopphald

Tilbake til Sogndal: Martin Ove Roseth er klart 

Sport

Voldingen Martin Ove Roseth er klar for eit nytt låneopphald i Sogndal.

Rett før sommaren gjekk Molde-spelaren på lån til Sogndal og gjekk rett inn i startoppstillinga til 1. divisjonsklubben. No er Sogndal og Molde samde om ein ny låneavtale.

Den førre låneavtalen vart avslutta då Roseth fekk ein skulderskade, men no er voldingen skadefri skriv Sogndal på sine heimesider.

– Roseth gjorde ein veldig positiv figur då han var her sist, og me er veldig glade for at han kjem tilbake til oss, opplyser klubben.

Eirik Bakke sitt mannskap ligg på 6.-plass i 1. divisjon. Det gir kvalifiseringsplass til Eliteserien