Deadline day i lokalfotballen

Få oversikt over overgangane

Kristian Myklebust skåra seinast borte mot SIF/Hessa for Ørsta. No er han klar for Sæbø.  Foto: Lene Flataker

Sport

Ved midnatt tysdag går overgangsfristen i lokalfotball ut. Det ikkje venta at dei lokale klubbane i Ørsta og Volda vil gjere noko i siste liten, men det har allereie skjedd ein del overgangar.

Ørsta

Ørsta har henta inn Amund Thaule Rørvik som allereie har fått nokre kampar i Ørsta-drakta Tysdag vart det også klart at trenar Vegard Heltne har signert som spelar. Han har spelte for Hasundgot førre sesong.. Elles er det fleire spelarar som har signert for andre klubbar. Martin Endal blir å sjå i Åmdal-drakt og Kristian Myklebust har gått til Sæbø.

Inn:

Amund Thaule Rørvik frå NTNUI

Frode Følsvik frå Åmdal

Vegard Heltne frå Hasundgot

Ut:

Martin Endal til Åmdal

Kristian Myklebust til Sæbø

Fredrik Jørgensen til Djerv

Tore Sætre Orten til Ny-Krohnborg

Matthew Lars Fossen til Herd

Sverre Sætre Orten til Aalesund

Herman Gottfried Mayer til Aalesund

Knut Erik Myklebust til Höttur

Vebjørn Furnes til Nidelv

Hovdebygda

Hovdebygda er med i kampen om opprykk til 4. divisjon. Bjørnar Holen har avslutta slitt låneopphald og er tilbake i Sæbø-drakta. Inn tysdag kom Jonas Vidhammer Tafjord frå Langevåg.

Inn:

Gary Christie frå Volda

Borge Skurtveit frå Ørsta

Jonas Vidhammer Tafjord frå Langevåg

Ut:

Andre Dvergsdal til Åmdal

Tomislav Novak til Snøgg

Bjørnar Holen til Sæbø

Jonas Husøy til Storm

Åmdal

Åmdal kjempar med Vanylven om opprykk frå 6. divisjon avdeling 2. Laget er no forsterka med tre nye signeringar.

Inn:

Martin Endal frå Ørsta

Andre Dvergsdal frå Hovdebygda

Robin Kleppe Olsen frå Trane

Ut:

Frode Følsvik til Ørsta

Gisle Moe til Jarl

Sæbø

Sæbø får tilbake Bjørnar Holen etter eit vellukka låneopphald i Hovdebygda, og dei mister heller ingen spelarar.

Inn:

Kristian Vadstein Myklebust frå Ørsta

Bjørnar Holen frå Hovdebygda

Martin Sandbakk er tilbake frå lån med Oppstryn

Vartdal

Vartdal har ingen registrerte spelarar inn eller ut.

Volda

Volda kjempar med Bergsøy om opprykk til 4. divisjon, men det ingen store forandringar i stallen.

Ut:

Ole Kristian Høydal til Eik Tønsberg

Vebjørn Osdal til Nymark

Magnus Tødenes til Studentspretten

Gary Christie til Hovdebygda

Dennis Pettersen til Nymark

Sverre Knardal til Express