Sterk bortesiger i sesongpremieren

Tukta storlaget Larvik på bortebane

Siger: Volda-kaptein Kine Kvalsund skåra fem mål då Volda slo Larvik søndag.  Foto: Jarle Mordal, Sunnmørsposten

Sport

Det tidlegare storlaget Larvik stod på motsett banehalvdel då Volda stara årets sesong i 1. divisjon søndag. Fem spelarar er att i stallen frå laget som spelte i eliteserien i fjor, medan tretten nye spelarar har kome til. Målsetting til Larvik er å kjempe i toppen av 1. divisjon denne sesongen. Der er det også venta at Volda vil vere.

Då kampen mellom Larvik og Volda var fire minutt gammal kontra Kine Kvalsund inn 3-2-leiing for gjestene. Volda var det førande laget utover i omgangen og på det meste var dei i leiinga 9-4. Larvik kjempa seg inn att i kampen og laga gjekk til pause på stillinga 14-13 i favør Volda.

I 2. omgang følgde laga kvarandre tett. Då det stod att fem minutt av kampen gav Ingrid Rye Volda leiinga 22-20. Like etterpå auka Hanna Ræstad leiinga. Kaptein Kvalsund skåra det siste målet for Volda. Larvik reduserte to gonger, men Volda sikra seg ein solid start på årets sesong med 24-22-siger.

Hanna Ræstad og Aleksandra Zimny vart toppskårarar for Volda med seks mål. Kvalsund noterte seg for fem mål.

Allereie på onsdag ventar ei ny tøff prøve for Volda. Då kjem Tertnes på besøk til Voldahallen for å spele cupkamp.