Første handballskule i ny hall

I haustferien arrangerer Ørsta IL handball handballskule for 90 deltakarar.

Klare for handballskule: Sparebank 1 handballskule vert arrangert i haustferien. F.v. Sigrun Heltne Vartdal, Norunn Fagerhol, Marlen Thunem Raudøy og Ole-Magnus Orlien.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Tysdag, onsdag og torsdag i haustferien vil handballgruppa gje eit handball og aktivitetstilbod i Ørstahallen.

– Det er frå 1.- til 7. klasse og for både gutar og jenter. For deltakarane er ikkje noko krav om å vere på handballaktivitet frå før av. I tillegg er det ope for dei frå Volda og kan vere med, seier Marlen Thunem Raudøy i handballgruppa.

Det blir første gang at handballgruppa arrangerer Sparebank 1 handballskule.

– Vi har hatt handballskule tidlegare, men aldri kunne gitt eit så godt tilbod som i år.

Handballgruppa har lagt grunnlaget for å bygge opp ei ny handballskule, og det ville hovudsponsoren vere med på.

– Det kjekt for oss å kunne vere med å skape aktivitet saman med handballgruppa, seier avdelingsbanksjef Ole-Magnus Orlien.

– Vi får utnytta kapasiteten her i hallen og kunne gje eit aktivitetstilbod i haustferien, legg Sigrun Heltne Vartdal som er banksjef for bedriftsmarknaden.