Volda vann lokaloppgjeret

- Vi har berre oss sjølve å takke

Håkon Haugen jublar etter 3-1-målet.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

- Vi er fullt på høgde med Volda, men vi gir vekk to mål også i dag. Når vi ikkje klarer å slå Volda når dei er så ræva som i dag så har vi berre oss sjølve å takke. Vi gav dei eitt mål og gav dei sjølvtillit. Då såg dei ut som eit fotballag. Før det så var dei begredeleg og dårlege, men vi klarte ikkje å utnytte det, sa Ørsta-trenar Vegard Heltne etter kampen.