Hovdebygda sikra seg poeng mot tabelltoppen

Steffen Øye Myklebust skåra Hovdebygda sitt mål borte mot Sykkylven torsdag.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Sykkylven har vore solide i 5. divisjon i år. På heimebane stod laget med seks sigrar og ein uavgjort kamp før møtet med Hovdebygda torsdag kveld. Hovdebygda kom frå 6-1-siger mot Langevåg, og låg dermed på 2. plass og opprykksplass før den 15. serierunden. Gjestene fekk den beste starten på kampen. Etter åtte minutt enda ballen ved Steffen Øye Myklebust i feltet, og han sende ballen i nettaket og Hovdebygda i leiinga. Dette vart også det einaste målet i 1. omgang.

Tretten minutt ut i 2. omgang fekk heimelaget tildelt straffespark. Den rutinerte storskåraren Bengt Hole Alnes var sikker frå straffemerket og laga var like langt. Det vart ikkje fleire mål i kampen og eitt til begge lag. Hovdebygda leverte ein god prestasjon og er berre det andre laget som reiser heim med poeng frå Sykkylven i år.

Langevåg slo Ellingsøy 1-0 på bortebane. Dermed er Hovdebygda nede på 3. plass att. Det er to poeng opp til Langevåg, medan avstanden opp til sykkylven på tabelltoppen framleis er seks poeng. Vigra, som ligg fire poeng bak Hovdebygda på 4. plass, er neste motstandar for Hovdebygda på heimebane.