Åmdal med kalassiger - tap for Sæbø og Vartdal

Siger: Audun Lillebø og Vebjørn Steinnes skåra tre av Åmdal sine elleve mål mot Flø onsdag.   Foto: Joachim Åsebø

Sport

Ikkje overraskande vart det tre nye poeng då Flø gjesta Åmdal onsdag. Heimelaget gav seg ikkje før dei hadde skåra elleve mål.

Åmdal og Vanylven kjempar om opprykk frå 6. divisjon avdeling 2. Laga stod med like mange poeng før serierunden onsdag. For Åmdal kom Flø på besøk. Ole Johnny Lauvstad gav vertane leiinga allereie etter eitt minutt. Per-Arne Widnes Ekremsæter, Audun Lillebø (2), Lauvstad igjen og Kristoffer Sortland Birkeland teikna seg på skåringslista i 1. omgang, og Åmdal gjekk til pause på stillinga 6–0.

Etter kvilen var Ekremsæter den første som skåra. Mathias Langseth Brekke, Robert Indrebø og Vebjørn Steinnes auka leiinga til 10–0. Birkeland fastsette sluttresultatet til 11–0 for Åmdal.

Neste tysdag kan opprykksduellen bli avgjort når Åmdal reiser til Eidså for å møte Vanylven. Opprykkskonkurrenten slo Sæbø på bortebane onsdag, og det er målforskjellen som skil laga i Vanylven sin favør.

Ørsta-siger mot Vartdal

I lokaloppgjeret mellom Vartdal og Ørsta 2 på VD stadion var det gjestene som gjekk sigrande ut.

Andreas Rebbestad Schjetne sende Ørsta 2 i leiinga då kampen var eit kvarter gammal. Vegard Starheim Masdal dobla leiinga før Sander Hjellen Tangen og Jan Marius Klepp Brekke teikna seg på skåringslista for Ørsta 2. Christian Åsen Kristoffersen reduserte for Vartdal.

Etter pausen skåra Masdal sitt andre mål i kampen. Rolf Audun Vartdal reduserte for heimelaget like før slutt. Ørsta 2 vann kampen 5–2. Vartdal møter Flø på bortebane i neste kamp. Ørsta 2 tek imot Bergsøy 2 på heimebane.

Tap for Sæbø

Sæbø gav serieleiar Vanylven tøff motstand på Sæbø stadion onsdag. Gjestene var i føringa 2–1 til pause. Etter kvilen auka Vanylven leiinga til 4–1 før Bjørnar Holen reduserte frå straffemerket. Stian Bellen fastsette sluttresultatet til 5-2-siger for Vanylven ti minutt før slutt. Sæbø møter Gjerdsvika/LGFK 2 på bortebane i neste kamp.