Alle Ørsta-utøvarane på pallen

Lerøy-leikane: Ørsta IL friidrett sine utøvarar som hadde kvalifisert seg til kretslaget. F.v.: Thea Nilsen, Maria Mjelva Straume, Jenny Hermine Bjørneset, Elise Aarflot og Arnstein Nikolai Ose. 

Sport

Møre og Romsdal sitt friidrettslag vann Lerøy- leikane i Måndalen i helga. Resultata frå Ørsta IL friidrett sine fem utøvarar var viktige for sigeren.

Møre og Romsdal vann med 345 poeng. Tett bak kom Nord-Trøndelag med 314 og Troms 309 poeng. Lerøy-leikane er ein lagkamp der friidrettskretsane konkurrerer om å få flest poeng. Dei fem utøvarane frå Ørsta IL friidrett som hadde kvalifisert seg til Lerøyleikane gjorde ein flott innsats og alle kom på pallen. Elise Aarflot sprang raskast 60 m av alle J13 på tida 8,51 og fekk heile 970 Tyrving-poeng. Thea Nilsen (J14) tok gullet i spyd med 31,73 m. Maria Mjelva Straume (J14) tok gull i stav (1,82 m) og det nesten utan å ha hoppa stav før. Ho tok sølv på 1500 m med 5,19,07. Jenny Hermine Bjørneset (J13) tok bronse på både 600 m (1,52,74) og 1500 m (5,47,58). Arnstein Nikolai Ose (G14) tok bronse i slegge med 28,62 m. Det vart og mange andre gode enkeltresultat. Det som stod i fokus var å gjere sitt beste for å skaffe poeng til laget.

Lerøy-leikane - kretslaget - friidrett 

Lerøy-leikane 2019 for Midt- og Nord-Norge samla kretsane i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark og vert av mange rekna som årets store hending for landets 13- og 14-årige friidrettsutøvarar.