Birgitte Bjørlykhaug klar for toppklubb

– Det hadde vore kjempekjekt å fått eit innhopp i Toppserien

Birgitte Bjørlykhaug har vore ein målgarantist i 2. divisjon for Herd og Fortuna. No er overgangen til Røa klar og ho håpar å få sjansen i Toppserien.

Frå Herd til Røa: Birgitte Bjørlykhaug har vore ein notorisk målskårar for Herd i 2. divisjon. No er ho klar for Røa og ønsker å få prøve seg til Toppserien. Foto: Arkivfoto, Sunnmørsposten  Foto: Sunnmørsposten

Sport

Vartdalsstranda har per i dag to spelarar i Toppserien i norsk fotball. Tidlegare i år skreiv Synne Masdal under for Røa og forsvarsspelaren frå Masdal har fått sin debut på øvste nivået i Noreg. No har den tidlegare lagvenninna Birgitte Bjørlykhaug frå Barstadvik slått følgje med Masdal. Dei har begge NM-sølv med Herd for aldersbestemte lag og no held dei fram fotballkarrierane sine i same klubb i hovudstaden.