Knut Erik skårar på Island

Knut Erik Myklebust spelar no fotball for Höttur/Huginn i islandsk 3. divisjon.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Knut Erik Myklebust tok tidlegare i år turen til Island for å spele fotball for Höttur/Huginn, og ørstingen har fått mykje speletid. Denne veka spelte laget heimekamp mot KF. Vertane låg under 3–0 før dei reduserte på eit straffespark. Myklebust reduserte på ny før heimelaget utlikna. KF skåra det siste målet i kampen og vann 4–3.