Åmdal vann lokaloppgjeret og kjempar om opprykk

Siger: Sigurd Nybø skåra av to av Åmdal sine mål då Ørsta 2 vart slått 4-2 onsdag. Arkiv  Foto: Joachim Åsebø

Sport

To skåringar av Audun Lillebø og Sigurd Nybø sikra Åmdal tre nye poeng mot Ørsta 2 onsdag.

Årets første haustkamp vart avlyst for Åmdal sin del då Tjørvåg ikkje kunne stille lag i førre veke. Onsdag var det lokaloppgjer mot Ørsta 2 i Ørsta. Sigurd Nybø sende gjestene i leiinga tidleg i kampen, men Ørsta utlikna raskt ved Sigurd Ose. Nybø sende på ny Åmdal i føringa før Audun Lillebø teikna seg to gonger på skåringslista. Dermed gjekk Åmdal til pause med 4-1-leiing.

2. omgangen vart målfattig. Evan Dyrhol Aambø reduserte ein gong for det unge Ørsta-laget, og sluttresultatet vart 4-2.

Dette var Åmdal sin åttande siger på ni kampar. Laget står no med 24 poeng og toppar 6. divisjon avdeling 2. Vanylven har ikkje starta haustsesongen sin endå. Dei ligg no tre poeng bak Åmdal med ein kamp mindre spelt, men Vanylven har betre målforskjell.

Komande onsdag skal Åmdal i aksjon på heimebane når Flø kjem på besøk.