Volda vidare i cupen

Volda ha få problem med å slå Kristiansund i cupen laurdag. No kjem eliteserielaget Tertnes på besøk i Voldahallen.

Siger: Volda-kaptein Kine Kvalsund vart toppskårar med seks mål for Volda saman med Aleksandra Zimny. Foto: Jarle Mordal, Sunnmørsposten  Foto: Jarle Mordal, Sunnmørsposten

Sport

Sjølv om Volda var store favorittar borte mot Kristiansund heldt heimelaget bra følgje gjennom 1. omgang. Volda var i føringa 15–12 halvvegs, men utover i 2. omgang var det store forskjellar på laga. Volda vann 2.-omgangen 20–6 og kampen 35–18. Der er Volda klare for 3. runde i cupen. Der ventar eliteseriemotstand i Tertnes.

Trenar Halldor Stefan Haraldsson seier til Sunnmørsposten at han ønsker at den kampen allereie vert spelt komande helg. Helga etterpå er det seriestart for Volda borte mot Larvik.

– For vår del hadde det vore nyttig med ein kamp til før seriestarten 8. september. Ikkje minst trenger vi det for å drille inn nye spelarar i Marte Nornes rolle, seier Volda-trenaren til avisa.