Volda mister nøkkelspelar

  Foto: Joachim Kroken Åsebø /Arkiv

Sport

I helga testa Volda sine handballdamer forma i Thon Cup. Laget leverte gode prestasjonar, men det var også dårlege nyheiter for Volda. Marte Nornes, som har vore ein av nøkkelspelarane til Volda dei siste sesongane, fekk ein kneskade. No er det klart at bakspelaren har roke korsbandet. Dermed blir ho ikkje å sjå på bana for Volda denne sesongen. Det melder klubben på sine Facebook-sider.

- Volda Handball ønskjer Marte god betring og vi gler oss til å sjå Marte på bana igjen.