To strake sigrar for Hovdebygda

Steffen Myklebust gav Hovdebygda leiinga heime mot Ellingsøy torsdag kveld.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Hovdebygda kjempar heilt i toppen av 5. divisjon. Torsdag kom botnlaget Ellingsøy på besøk. Då kampen var 14. minutt gammal sende Steffen Øye Myklebust heimelaget i leiinga. Fem minutt seinare var det likt i målprotokollen etter skåring av Pedro Arthur Andrande Da Rosa Silva. Daniel Reza Malakzadeh ordna Hovdebygda-leiing på ny etter 29. minutt. Robin Skuseth auka leiinga for vertane sju minutt seinare og laga gjekk til pause på stillinga 3-1.

Midtveg i 2. omgang skåra Bjørnar Holen, som har forlenga sitt lån frå Sæbø, sitt sjette mål på fire kampar. Fem minutt før slutt reduserte Ellingsøy, men Hovdebygda tok med seg alle tre poenga.

Langevåg og Sykkylven vann sine kampar torsdag. Dermed er det framleis ei luke på tre poeng frå Hovdebygda og opp til Langevåg. Sykkylven toppar tabellen seks poeng føre Hovdebygda. Komande torsdag kjem Langevåg på besøk til Hovdebygda. Med siger her vil Hovdebygda for alvor blande seg inn i opprykkskampen i 5. divisjon.