Handballherrane og G16-laget testar forma:

Stor handballhelg i Ørstahallen

Treningsturnering: Ørsta har lagt det kondisjonsmessige grunnlaget utandørs. I helga skal handballforma testast både for herrelaget og G16-laget i Ørstahallen. Arkivfoto  Foto: Johan Roppen

Sport

Ørsta IL handball sitt G18-lag skal til Oslo å spele kvalifisering til Lerøyserien. I helga skal dei teste forma mot sterk motstand i Ørstahallen.

Ørsta IL handball har meldt på G18-laget til kvalifisering til Lerøyserien. Her spelar dei beste laga i Noreg. Totalt har førti lag meldt seg opp til kvalifiseringa. Tjuefire lag fordelt på to avdelingar skal spele i serien til hausten, og håpet er at Ørsta er eitt av desse laga. Kvalifiseringsspelet skal skje i Oslo. Dei fleste spelarane på G18-laget høyrer og til på herrelaget og G16-laget til Ørsta. Laurdag og søndag skal desse spelarane spele turnering i Ørstahallen. Herrelaget, som har ambisjonar om å kjempe om opprykk frå 3. divisjon, skal møte Bergsøy (2. div.), Spjelkavik (2. div.) og Florø (3. div.). G16-laget møter Bergsøy 1, Bergsøy 2 og Eid.

Turneringa blir brukt som oppkøyring inn mot kvalifiseringa i Oslo, i tillegg til at det nærmar seg seriestart både for herrelaget og G16-laget.

Kvalifiseringsspelet i Oslo går føre seg frå 30. august til 1. september. Ørsta har hamna i gruppe med Charlottenlund og Bækkelaget. Vinnaren av puljen er kvalifisert for Lerøyserien. 2.- og 3.-plass skal spele 2. kvalifisering.