Solid heimesiger i første haustkamp

Målfest for Ørsta

Ein blid gjeng etter 7-0-sigeren mot Bergsøy.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Ørsta sitt damelag leverte ein god vårsesong i 4. divisjon og spelte seg fram til semifinale i Obos-cup. Torsdag gjesta Bergsøy Aurstad Arena i den første haustkampen. Ørsta sette standaren i kampen og var nær skåring allereie etter to minutt. Heimelaget spelte seg fram til sjansar, men det tok litt tid før den første nettkjenninga. Etter 22 minutt kom Kaja Rekkedal seg fri frå Bergsøy-forsvaret og sette kontant inn 1-0. Ei fortent leiing. Ørsta vann ballen rett frå avspark og Vilde Vartdal vart spelt fri på venstrekanten. Ho fann kaptein Tina Holvik Kvalheim i feltet og 2-0.