Ørsta slo Sæbø og Vartdal tapte mot Bergsøy

Andreas Gamlem og Jarl Vartdal Vinjevoll skåra for Vartdal mot Bergsøy 2.  Foto: Ann Katrin Hjorthaug

Sport

6. divisjon starta haustsesongen onsdag etter ein lang sommarferie. Vartdal leverte ein svært god vårsesong. Laget låg berre tre poeng bak Vanylven og Åmdal på 1.- og 2. plass i divisjonen. I første haustkampen kom Bergsøy 2 på besøk på VD-stadion. Gjestene tok leiinga i kampen ved Sander Smådal Andreassen etter fire minutt. Roald Andreas Knoph Runde dobla leiinga for bortelaget då kampen var 16 minutt gammal. Andreas Halkjelsvik Gamlem reduserte for Vartdal ti minutt før pause. Trul Ristesund ordna 3-1-leiinga for Bergsøy. Fem minutt før slutt reduserte Jarl Vartdal Vinjevoll for Vartdal. Kampen enda med 3-2-siger for Bergsøy 2.

På Sæbø var det lokaloppgjer då Ørsta 2 kom på besøk. Det var gjestene som hadde det meste av banespelet og som fekk utteljing framfor mål. Andreas Hjellen Tangen sende Ørsta i leiinga etter 36 minutt. I 2. omgang dobla Kristian Vadstein Myklebust leiinga etter berre to minutt. Evan Dyrhol Aambø skåra sitt første mål i kampen etter 74 minutt. Same mann fastsette sluttresultatet til 4-0 for Ørsta 2 heilt på tampen av kampen.

Åmdal sin heimekamp mot Tjørvåg var avlyst då bortelaget ikkje klarte å stille lag.