Sterk snuoperasjon av Hovdebygda

Bjørnar Holen skåra to av måla for Hovdebygda borte mot Stranda.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Hovdebygda mangla mange spelarar då dei tok turen til Stranda torsdag kveld. Laget låg på 6. plass i 5. divisjon med 17 poeng før oppgjeret. Stranda var to poeng bak på plassen bak.

Det var heimelaget som først fekk teljande resultat. Kasper Koppang sende vertane i leiinga i 1. omgang. 1-0 var også stillinga til pause. Same mann teikna seg igjen på skåringslista då 2. omgang berre var nokre minutt gammal. Bjørnar Holen, som er på lån frå Sæbø, reduserte for Hovdebygda. Gjestene kontrollerte banespelet og jakta redusering. Det lukkast dei med midtvegs i omgangen. Jan Petter Mork vart spelt gjennom og 2-2. Holen var igjen frampå like etterpå og 3-2 til Hovdebygda. Det vart ikkje fleire mål i kampen og dermed tre viktige poeng for Hovdebygda.

No er det ferie i 5. divisjon. Hovdebygda klatra opp på 3. plass med sigeren torsdag. Sykkylven og Langevåg ligg på opprykksplassane, men Hovdebygda ligg i utfordrarposisjon til opprykk før haustsesongen tek til.

Hasundgot borte er neste kamp 15. august.