Islending klar for Volda

Sara Dögg Hjaltadóttir - Volda handball 

Sport

Sara Dögg Hjaltadóttir har signert for Volda handball. Ho har spelt i 2. divisjon for Kongsvinger dei to siste sesongane. På klubben sine heimesider skriv Volda at Hjaltdóttir er midtback og har eit godt skot.

– Ho er ein kreativ spelar, som også klarer seg svært godt i duellar. 19-åringen har vore ein del av juniorlandslaget på Island. Vi ønskjer Sara velkomen til Volda og Volda handball og gler oss til å sjå henne i aksjon dei neste åra.