På veg til Belgia?

I Volda: Dei siste feriedagane brukte Sivert Heltne Nilsen i Volda. Han er no tilbake i Horsens der sesongstarten er 12. juli.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Sivert Heltne Nilsen skal stå på ønskelista til den belgiske klubben Oostende som har Kåre Ingebrigtsen som trenar. Det melder tipsbladet.dk.

Voldingen har akkurat starta sesongførebuingane med sin danske klubb. Han melde overgang frå Brann i fjor og står med 28 kampar for AC Horsens. 27-åringen har sjølv eit avslappa forhold til overgangsrykter, og understreka overfor Møre-Nytt for nokre veker sidan at trivest godt i Horsens.

– Eg skal jobbe på og utvikle meg. Eg følgjer draumen og det er både kjekt og spennande å vere i utlandet. At eg får spele fotball kvar dag og gjere det eg elskar er heilt rått. På sikt er det spennande å prøve noko anna og England har alltid vore draumen. Same kva nivå. Eg likar lidenskapen og å få spele der trur eg er noko eige.


Sivert Heltne Nilsen lever proffdraumen i Danmark

– At eg får spele fotball kvar dag og gjere det eg elskar er heilt rått