Fleire jenter tok del i årets fotballskule

– Vi skal bli gode i fotball

Ella Hellebust Kleppe og Lina Rekkedal Nupen har begge eit ønske om å bli gode fotballspelarar. Saman med rundt 90 andre deltakarar har dei vore med på fotballskule i Ørsta denne veka.

På fotballskule for første gong: Ella Hellebust Kleppe og Lina Rekkedal Nupen hadde det kjekt på fotballskule denne veka. 

Sport

Den første veka av skuleferien er det tradisjon at Ørsta IL fotball arrangerer Tine fotballskule. I år har det vore større konkurranse frå andre arrangement som har gjort at deltakartalet har gått litt ned. Likevel har over nitti deltakarar vore gjennom mange ulike aktivitetar både på kunstgrasbana og i Kiwi-hallen. Det som Ørsta IL fotball tykkjer er svært positivt med årets fotballskule er at talet på jenter har auka drastisk.