Ørsta klar for semifinale OBOS-cup

Kaja Rekkedal skåra Ørsta sitt mål mot Blindheim.  Foto: Svein Aam

Sport

Damelaget til Ørsta IL fotball spelte tysdag siste kamp i mellomspelet i OBOS-cup. Cupen er Sunnmørsmeisterskapen i fotball og vert arrangert for første gang i år. I sesongoppkøyringa vart første runde med kampar spelt. I sommar og haust skal sluttspelet gjennomførast. Ørsta spelte uavgjort 3-3 borte mot HaNO i første kamp i mellomspelet. Tysdag gjesta Blindheim, som ligg i toppen av 3. divisjon, Aurstad Arena. Heimelaget fekk ein god start på kampen då Kaja Rekkedal skåra tidleg. Ørsta-jentene var på hogget og viste ingen respekt for Ålesund-laget.

Ørsta var i føringa 1-0 til pause, men etter kvilen tok gjestene over kampen. Vilde Voll Hareide utlikna etter 51 minutt og same spelar sende Blindheim i føringa etter 54 minutt. Frida Voll Hareid auka til 3-1 før Vilde Voll Hareid fastsette sluttresultatet til 4-1-siger for Blindheim. Ørsta-jentene Signe Vinjevoll og Kine Strande spelte heile kampen for Blindheim.

Sjølv om det vart tap tysdag er Ørsta klare for semifinalen i OBOS-cup. Semifinalen skal spelast mot Volda.