Elise leverte prestasjonar av høg klasse

Tok gull og to sølv på Veidekkeleikane

Etter Veidekkeleikane på Lillehammer skal norsk friidrett notere seg talentfulle Elise Aarflot (J13) frå Ørsta IL friidrett.
Sport

Med eitt gull, to sølv og svært gode nye personlege rekordar på 60 m og 100 m i eit stort nasjonalt stemne er dette prestasjonar av høg klasse! 60 meteren gjekk unna på 8,41 sekund og ga heile 997 Tyrvingpoeng. Elise er no klubbens 5. raskaste kvinne på 60 m gjennom alle tider.

Ørsta IL friidrett stilte med 12 utøvarar på stemnet og tok med mange medaljar heim. Dette var eit av dei beste Veidekkeleikane for Ørsta IL friidrett på lang tid.

Det er mange talentfulle utøvarar i dei yngre klassane. To av desse er tvillingane Jonatan og Julie Hovden Ryste (G11/J11). Begge tok bronse på 60 meter, Jonatan med tida 9,36 og Julie med 9,52, ny personleg rekord for begge to. Dei tok 4. og 5. plassar i lengde og på 600 m.

Lengde: Jonatan Hovden Ryste (G11) hoppa 3,91 i lengde. Han tok bronse på 60 meter med tida 9,36. 

Rekord: Julie Hovden Ryste (J11) spring her inn til ny personleg rekord 2,04,70 på 600 m. 60 meteren sprang ho på 9,52 og tok bronse. 

Oskar Mjelva Straume (G12) tok sølv på 60 m med 8,70 og ny pers og 919 Tyrvingpoeng. Han tok bronse i høgde med 1,25 m.

Jenny Hermine Bjørneset (J13) sprang inn til årsbeste på 600 m med 1,57,99. Ho sette pers på 60 m med 10,21.

Thea Nilsen (J14) tok sigeren heim i spyd 400 gr. 33,40 m og ny solid pers! Ho tok sølv på diskos med 20,14 meter.

Thea Nilsen (J14) tok sigeren heim i spyd 400 gr. 33,40 m og ny solid pers! Ho tok sølv på diskos med 20,14 meter. 

Maria Mjelva Straume (J14) sprang 800 m på 2,34,36 og ny pers.

Filip Hoggen (G15) tok bronse i lengde med 5,14 m. Han sprang 800 m på 2,14,95 og er no like ved kravet på 2,12 for å kvalifisere seg til UM.

Elias Hovden Nilsen (G18/19) stadfesta at han er best i landet i spyd i sin aldersklasse og tok gull med eit kast på 56,24 m og 944 Tyrvingpoeng. I diskos tok han sølv med 34,71 m. Dette er ny pers og han er UM-klar i diskos i tillegg til spyd. Han sletta og klubbrekorden for G18 i diskos, ein rekord som har stått i fred sidan 1996.

Sigrid Vartdal (J18/19) sprang 200 m på 26,59, ny pers og 930 Tyrvingpoeng. Ho er no klubbens 5. raskaste kvinne på 200 m gjennom alle tider. Og er kvalifisert for 200 m i UM og Junior-NM.

Sigrid Vartdal (J18/19) sprang 200 m på 26,59, ny pers og 930 Tyrvingpoeng. Ho er no klubbens 5. raskaste kvinne på 200 m gjennom alle tider. 

Andrine Hjellen Haugland konkurrerer no i seniorklassen. Bestekastet hennar på 44,26 gav 5. plass. Med fullklaff hadde ho vore pallkandidat på stemnet.

Niåringen Kristian Aarflot Årdal var yngste utøvar frå Ørsta IL. Han sette pers både på 60 meter og i lengde.

Niåringen Kristian Aarflot Årdal var yngste utøvar frå Ørsta IL. Han sette pers både på 60 meter og i lengde. 

Veidekkelekene 2019 vart arrangert 20-23. juni på Stampesletta på Lillehammer. Det er 42. gong stemnet vert arrangert. Dette er eit av dei største friidrettsstemna i landet. Det var rundt 1100 utøvarar fordelt på ca 2500 startar på stemnet. Sidan starten i 1978 har det til saman delteke ca 46000 friidrettsutøvarar på stemnet.