Fuktig maraton i fjellheimen

Ørsta Fjellmaraton i Follestaddalen skiltar med å vere eit maratonløp med uformelle rammer, der det viktigaste ikkje er å vinne, men å delta.
Sport

På gardstunet til Arve Haugland hadde eit sekstitals deltakarar møtt opp laurdag føremiddag. Målet: Å springe halv– eller heilmaraton i fjellheimen. Nokre var med for å vinne, medan andre var med i mosjonsklassa for moro skuld.