Åttemålssiger for Ørsta

Damelaget til Ørsta dominerte på heimebane mot Spjelkavik/Herd 3. Det vart heile ti Ørsta-mål i kampen.

Jubel: Ørsta-spelarane jubla etter sigeren mot Stranda/Sunnylven. Torsdag var det ny grunn for feiring etter 10-2-siger mot Spjelkavik/Herd 3. Arkivfoto 

Sport

Etter eit knipent tap mot Hødd på bortebane var Ørsta på jakt etter ein ny siger torsdag kveld. Spjelkavik/Herd 3 gjesta Aurstad Arena. Det gjekk litt over ein halv omgang før det vart nettsus. Sunneva Marie Gimmestad sende Ørsta i leiinga etter 26 minutt. Tina Holvik Kvalheim dobla leiinga etter 33 minutt og skåra sitt andre mål etter 40 minutt. Gjestene reduserte frå straffemerket før laga tok pause.

Etter kvilen auka Kaja Rekkedal leiinga for Ørsta. Bortelaget reduserte på ny før Rekkedal igjen var frampå. Gimmestad skåra sitt andre mål i kampen før Camilla Øye Hamar skåra sitt frøste. Astri Rabben Aam skåra to mål på rad før Mari Myklebust Ørstavik fastsette sluttresultatet til 10-2-siger for Ørsta. Ørsta ligg på 3.-plass i 4. divisjon. Med ein kamp mindre spelt er det tre poeng opp til tabelleiar Hødd 2.

Komande tysdag er Blindheim motstandar for Ørsta i mellomspelet i Obos-cup.