Perlemål sikra HIL-poeng

Hovdebygda stanga lenge borte mot Skodje tysdag. På overtid brukte Roar Willumsen hælen og utlikna til 1–1.

Roar Willumsen utlikna på overtid borte mot Skodje tysdag kveld.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

Hovdebygda skapte klart flest sjansar borte mot Skodje, men det ville seg ikkje heilt framfor mål. Skodje-spelar Torstein Volle utnytta ein feil av Hovdebygda-målvakta Lasse Strand Gule i 1. omgang og sende vertane i leiinga 1–0. Etter kvilen pressa Hovdebygda på for skåring. Ti minutt før slutt fekk Robert Roseth sitt andre gule. På overtid sende Hovdebygda heile laget opp på eit hjørnespark. Roar Willumsen flikka ballen vidare med hælen og i mål. Gjestene jakta sigeren, men kampen enda uavgjort 1–1.