Sæbø drog i land sigeren uten å imponere

– Vi skulle skru opp tempoet i 2. omgang, men det vart berre rot

Markus Norangshol utlikna til 1-1 mot Tjørvåg. Her saman med Martin Sandbakk, Andre Mo og Ronnie Furset.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Sæbø var førehandsfavorittar då Tjørvåg, med tolv spelarar i kamptroppen, gjesta Sæbø stadion onsdag kveld. Den første store sjansen i kampen fekk Martin Sandbakk etter 19 minutt, men avslutninga gjekk til side for mål. Berre minutt seinare sette ein Tjørvåg-spelar ballen i mål frå 20 meter. 1-0. Heimelaget hadde ballen mest gjennom dei første 45 minutt og produserte flest sjansar. Etter 25 minutt burde Stian Storeide utlikna, men på ope mål gjekk ballen på feil side av stolpen for vertane.