Ungt keepertalent til Volda

Haya Elhanafi Volda handball  Foto: Volda handball

Sport

Haya Elhanafi frå Kristiansund har signert toårskontrakt med Volda Handballklubb.

– Haya er ein ekstremt spennande spelar som kjem til med å vere ein del av eit solid keeperteam saman med Hilde Søyseth neste sesong. Alle entusiastar gler seg, og dette er godt nytt for alle som er glade i Volda Handball og gode handballopplevingar, skriv klubben på sine heimesider.

Elhanafi er 2000-modell.