Ørsta fjellmaraton for fjerde gong

– Tek springing tilbake til grunnprinsippet

For fjerde året på rad vert Ørsta fjellmaraton arrangert 22. juni. Det er framleis både helse- og heieplikt.

Suveren siger: Ein fornøgd vinnar av Ørsta fjellmaraton 2018, Jonas Hesthaug, på veg mot mål. 20-åringen vann heilmaraton på tida 4.29.06.   Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

– Velkomen til løpet som tek springing tilbake til grunnprinsippet, heiter det frå arrangøren.

Ørsta fjellmaraton har to distansar: Halvmaraton (ei runde) og heilmaraton (to rundar). Løypa i Ørsta fjellmaraton går frå tunet til arrangør Arve Haugland på Barstad i Follestaddalen, opp skogsvegen til Hellevegen, til Brekkeheia, Brekkesetra og til Kråkenakken (496 moh.). Derifrå går løypa vidare til Grøthornet (747 moh.) og deretter til løypas høgaste punkt: Sandhornet (909 moh.). Ned att går løypa over Rambjørhornet, til Mosetra og over Dalevegen til Barstadheia og til mål på Barstad.

– Deltakarane må vere sjølvforsynte med mat og drikke undervegs. En finn fleire gode vasskjelder langs løypa. Når ein kjem til runding snur du retning og spring runde to motsett veg. Dette gjer ein for at deltakarane skal møte på kvarandre og at løpet blir meir sosialt. Ørsta Fjellmaraton har helse- og heieplikt når du møter andre deltakarar.

I fjor fekk publikum oppleve ein maktdemonstrasjon i løypa. 20 år gamle Jonas Hesthaug frå Eidsdal knuste løyperekorden i Ørsta fjellmaraton med over tjue minutt. 42 kilometer vart forsert av Hesthaug på den imponerande tida 4.29.06.