Hovdebygda knuste Volda:

– Vi var ekstra pirra og forbanna

Hovdebygda jublar etter at Steffen Myklebust sende heimelaget i leiinga.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Etter uavgjort borte mot Vigra i førre kamp jakta Hovdebygda tre poeng då Volda 2 gjesta kunstgrasbana i Hovdebygda torsdag kveld. Vertane starta kampen med høgt press og fekk resultat med ein gong. Etter to minutt vann Andre Dvergsdal ballen på midtbana.  Steffen Myklebust vart spelt gjennom Volda-forsvaret og vingen sende heimelaget i føringa.