På U21-landslaget

– Seier du det?

Voldingen Martin Ove Roseth er teken ut i landslagstroppen til Noreg.

  Foto: Sogndal Fotball

Sport

Molde-spelaren, som no er på utlån til Sogndal, er i 18-mannstroppen til U21-landslagstrener Leif Gunnar Smerud. Landslaget skal spele privatlandskamp mot Sverige 7. juni og Danmark 10. juni. Kampane er i Helsingborg og Horsens.

– Seier du det? Det visste eg ikkje. Jeg trudde kanskje ikkje at eg vart teken ut denne gongen, sidan eg fekk ein kjenning slik at den førre samlinga vart veldig amputert. Det var ei veldig gledeleg overrasking, seier Roseth til Rbnett.

Roseth gjekk rett inn på Sogndal-laget etter han signerte lånekontrakten tidlegare denne månaden. Så langt har blitt fire kampar frå start for voldingen.