Ørsta-tap i ellevemålskamp:

– 7-7 hadde kanskje vore eit fair resultat

Hødd-jubel tidleg i kampen.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Måndag møttest to lag som jakta tre poeng på Aurstad Areana. Hødd 2 fekk sitt første heimetap for sesongen i førre serierunde. Då vart det 4-1-tap mot Emblem på Høddvoll. Ørsta tapte borte mot Volda 16. mai, og ville vise seg frå ei betre side i kjøleg maivêr på heimebane måndag. Vertane hadde eit lite initiativ i starten av kampen. Etter sju minutt kom Hødd 2 for første gong nær 16-meteren til Ørsta. Frå 17 meter sende Pijus Marcinkevicius gjestene i føringa. Fire minutt seinare heada Håkon Grimstad Thormodsæter inn Hødd sitt andre mål i kampen. To avslutningar og to mål for gjestene. Sverre Sætre Orten var svært nær redusering for Ørsta like etterpå. Etter 19 minutt vart Simen Tømmerbakk Flekke spelte gjennom på høgresida. Han fann Knut Erik Myklebust i feltet som stanga inn reduseringa for Ørsta.