Har debutert i Toppserien

– Det gir motivasjon å vere her

Debut: Synne Masdal har fått to innhopp i Toppserien for Røa og starta cupkampen mot Nanset førre veke.   Foto: Røa Fotball Elite

Sport

1. mai fekk Synne Masdal sine første minutt i Toppserien for Røa. Overgangen til eliteklubben har vore god, og den talentfulle forsvarsspelaren er motivert for å gjere seg fortent til endå meir speletid.