Sjå bilete frå Sparebank 1-leikane på Ørsta stadion:

Full innsats frå 218 deltakarar

Aldri før har så mange tatt del i Sparebank 1-leikane i Ørsta.
Sport

Arrangørklubben Ørsta IL friidrett har opplevd god vekst over fleire år. Søndag stilte dei med heile 108 deltakarar frå under 6 år og opp til 19 år. Det vart og sett deltakarrekord for Sparebank 1- leikane. Totalt var det 218 deltakarar og det var 597 startar fordelt på dei ulike greinene gjennom friidrettsstemnet. Heile femten klubbar stilte med deltakarar frå Molde nord i fylket til Fiskå sør i fylket. I strålande mai-vêr vart det også ei god ramme rundt arrangementet.