Første stikk til Vipers i dramatisk finale

Arkivfoto  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Storhamar og Vipers møttest laurdag til den første finale i handballsluttspelet for kvinner. Malene Aambakk og lagvenninnene leverte ein god 1. omgang og gjekk til pause med 18-17-leiing. Vipers Kristiansand, som vann serien og tok bronse i Champions League, er favorittar i finalespelet, men Storhamar hadde initiativet i første finalekamp. Med eitt sekund att av kampen var gjestene i leiinga 34-33, men skotet frå Emilie Hegh Arntzen gjekk i mål før sluttsignalet gjekk. Etter to ekstraomgangar klarte Vipers å snu kampen til 42-40-siger. Aambakk skåra eitt mål i kampen.

Finalen i handballsluttspelet spelast best av tre kampar. No skal laga til Hamar for andre finalekamp på tysdag. Vinn Storhamar skal sluttspelet avgjerast i Kristiansand.