Sæbø leverte strålande angrepsfotball og vann på heimebane

Sæbø skåra tre flott mål i 1. omgang mot Gjersdvika/LGFK 2 onsdag. Etter kvilen sank kvaliteten i spelet, men dei tre poenga vart verande att på Sæbø.

Bjørnar Holen skåra to mål onsdag.  Foto: Joachim Åsebø/Arkivfoto

Sport

Sæbø har hatt ei varierande sesongopning. Uavgjort mot Ørsta 2 i første serierunde, 8-2-siger mot Flø og 8-1-tap mot Vanylven. Heime mot Gjerdsvika/LGFK 2 onsdag kveld hadde Sæbø eit favorittstempel og dei starta kampen også best. Etter 25 sekund gjekk ballen på ei berøring mellom Sæbø-spelarane. Stian Storeide slo inn til kaptein Bjørnar Holen og enkelt breisida ballen i mål. Leiinga vart dobla då Marius Riise kom seg rundt på kanten. Han slo ballen ut til Espen Frøland som kontrollerte sette inn 2-0 i lengste hjørnet for målvakta. Henrik Mo vart så spelt fri på vestre kant. Han fann Storeide som banka inn 3-0 på volley.

- Det var tre fantastisk flotte mål. I mellom måla våre var Gjerdsvika/LGFK 2 minst like gode i banespelet, seier Sæbø-trenar Stig Harald Myklebust.

Gjestene fekk og ei redusering like før pause.

- I 2. omgang fall kvaliteten veldig i alt vi gjorde. Gjerdsvikda reduserte til 3-2 på eit longskot, men like etterpå fekk vi straffespark etter at Bjørnar Holen vart sprunge ned av målvakt.

Holen tok straffesparket sjølv og auka leiinga til 4-2. Gjestene reduserte nok ein gong og det var litt spenning i kampen. Ti minutt før slutt kontra heimelaget. Holen la inn til ein umarkert Andre Mo som enkelt fastsette sluttresultatet til 5-3-siger for Sæbø.

- Oppsummert var det ein brukbar 1. omgang med tre veldig flotte mål. 2. omgang var dårleg der vi vart springande veldig mykje i mellom og fekk store strekk i laget.

Sæbø står no med sju poeng etter fire kampar og ligg på 4. plass i 6. divisjon avdeling 2. Neste kamp er lokaloppgjeret borte mot Åmdal 29. mai.