På to heimekampar har Vartdal skåra 23 mål

Etter tre seriekampar har Vartdal ein målforskjell på 26–5 og full pott i poengfangsten.

Målrikt: 13-2 vart sluttresultatet då Vartdal slo Flø onsdag. F.v. Christian Åsen Kristoffersen, Jarl Vartdal Vinjevoll, Fredrik Roth, Hans Robert Bondhus, Isak Vartdal Juliebø, Karsten Aarset og Rolf Audun Vartdal.   Foto: Ann Katrin Hjorthaug

Sport

I siste seriekamp i fjor spelte A-laget til Vartdal sin første offisielle kamp på nye VD Stadion. Den gongen vart det ikkje så mykje å juble for, men i sesongpremieren i år vart det 10-1-siger mot Tjørvåg på heimebane. Vartdal følgde opp med 3-2-siger borte mot Ørsta 2. Onsdag var det igjen klart for heimekamp med Flø på motsett banehalvdel. Mot Ørsta 2 misbrukte Rolf Audun Vartdal fleire store målsjansar, men mot Flø tok det berre tre minutt før han sende Vartdal i leiinga. Christian Åsen Kristoffersen auka til 2–0 og etter ti minutt sette Karsten Aarset inn 3–0 for Vartdal. To mål til av Rolf Audun Vartdal og eit sjølvmål gav heimelaget leiinga 6–0. Flø reduserte ein gong før pause.

I 2. omgang vart det endå meir målrikt enn i dei første 45 minutta. Jarl Vartdal Vinjevoll og Rolf Audun Vartdal skåra nummer sju, åtte og ni for vertane. Flø reduserte før Hans Robert Bondhus og Isak Nikolai Vartdal Juliebø teikna seg på skåringslista. To mål av Fredrik Farstad Roth fastsette sluttresultatet til 13-2-siger for Vartdal.

Etter tre seriekampar har Vartdal ni poeng og full pott. Ein målforskjell på 26–5 er det berre Åmdal som er i nærleiken av (24-4), men dei har spelt ein kamp meir enn Vartdal. Neste kamp for Vartdal er borte mot Vanylven 24. mai. Så står det att å sjå om sigersrekkja held fram eller blir broten. Vartdal ligg på 2. plass i 6. divisjon avdeling 2.