Hovdebygda knuste Sykkylven

Sykkylven tok leiinga borte mot Hovdebygda 16. mai, men heimelaget slo hardt tilbake.

Per Ole Egset, Robert Roseth, Oskar Telvik og Daniel Reza Malakzadeh skåra måla for Hovdebygda 16.mai.   Foto: Sveinung Walseth

Sport

Hovdebygda har ikkje fått det til stemme framfor mål i dei første serierundene i årets 5. divisjon. Eitt mål på tre kampar var fasiten før heimekampen mot Sykkylven torsdag. Fem minutt ut i kampen sedne Thomas Randen Fure gjestene i leiinga, men berre to minutt seinare utlikna Per Ole Egset for vertane. Daniel Reza Malakzadeh sende Hovdebygda i leiinga etter 22. minutt. Robert Roseth er tilbake i Hovdebygda etter eit opphald i Rollon. Etter ein halvtime skåra han sitt første mål i kampen. Sju minutt seinare kom Roseth sitt andre og Hovdebygda gjekk til pause med 4-1-leiing.

Etter kvilen var Roseth frampå på ny og auka til 5-1. Oskar Telvik skåra sitt første mål i Hovdebygda-drakta etter 60 minutt.

Oskar Telvik skåra på straffespark.  Foto: Sveinung Walseth

Martin Roald, som spelte i Hovdebygda i fjor, reduserte for Sykkylven før Malakzadeh fastsette sluttresultatet til 7-2-siger for Hovdebygda.

Ein Hovdebygda-trenar ette at losna offensivt for Hovdebygda for Sykkylven.  Foto: Sveinung Walseth