Volda dominerte heime mot Ørsta

- Det var nærmare 10-0 enn at Ørsta skårte

16.mai-festen vart Volda-grøn etter lokaloppgjeret mellom Volda og Ørsta på Volda stadion.
Sport

– Vi dominerte frå start til slutt. Det var nærmare 10-0 enn at Ørsta skårte. Vi er gode, vi duellerer og vann absolutt alt utpå bana. Vi er solide over heile lina frå målvakt til spissplass. Fantastisk innsats og det er ikkje enkelt å slå oss her, sa Volda-kaptein Rasmus Aarflot etter at Volda hadde slått Ørsta 5-0 16. mai.