Skal til Tsjekkia og spele EM

Sigurd Tjalveson Sørheim fekk sin debut i eliteserien i bordtennins som 13-åring for Volda og Ørsta bordtennisklubb. I juli skal han spele EM for Noreg. 

Sport

Sigurd Tjalveson Sørheim starta å spele bordtennis i Volda og Ørsta bordtennisklubb. Han har satsa vidare på sporten og spelar i dag Fornebu bordtennisklubb. I år har han vunne bronse i singel under Junior NM og prestert bra under Senior NM. Han og leverte gode prestasjonar når han har fått sjansen i turneringar i utlandet.

Måndag vart det klart at voldingen skal representere Noreg under EM for junior og kadettar. Saman med Borgar Haug, Henrik Bagner Nilsen og Fredrik Buringrud-Langen utgjer Tjalveson Sørheim troppen til Herrer Junior.

Bordtennisforbundet skriv på sine heimeside at Tjalveson Sørheim, Henrik Bagner Nilsen og Fredrik Buringrud-Langen trenar regelmessig på NTG i Oslo, og at spelarane held om lag same nivå.

I år vert EM arrangert i Ostrava i Tsjekkia frå 7.- til 16. juli.