Åmdal slo opprykksrivalen

Vanylven kom frå to storsigrar i 6. divisjon. På Legene var Åmdal best og tok sin fjerde strake siger i 6. divisjon.

Siger: Mathias Vasbotn Remmereit (t.h) skåra det avgjerande målet mot Vanylven tysdag kveld. Åmdal står no med fire strake sigrar i 6. divisjon avdeling 2. Foto: Joachim Åsebø/Arkiv  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Både Åmdal og Vanylven har eit ønske om kjempe om opprykk frå 6. divisjon denne sesongen. Åmdal hadde fått ein perfekt start på sesongen med tre strake sigrar. Mot Flø i førre serierunde vart 14-0-siger. Vanylven vann 11-0 i sin første kamp og slo Sæbø heile 8-1 førre fredag. Difor var to formlag som møttest på kunstgrasbana på Legene tysdag kveld.

Det var ein vanylving som teikna seg først på skåringslista, men for Åmdal. Per-Arne Widnes Ekremsæter kom til Åmdal før denne sesongen. Ein halvtime ut i kampen sende han Åmdal i leiinga. Ni minutt seinare var det gjestene som fekk nettsus. Kristoffer Thue Stranden utlikna for Vanylven. Eitt minutt før pause lukkast det på ny for vertane. Mathias Vasbotn Remmereit sende Åmdal i leiinga.

Etter pause vart det ikkje skåringar for nokon av laga. Dermed sikra Åmdal seg tre viktige poeng. Åmdal står no med full pott, fire strake sigrar og ein målforskjell på 24-4. Komande onsdag er det bortekamp mot Gjerdsvika/LGFK 2 før det blir lokaloppgjer mot Sæbø på heimebane 29. mai.