Ny sponsor for Ørsta IL Fotball

Ny sponsor: Dagleg leiar i Ørsta IL Fotball Arnstein Sandvik og leiar i Marknadsrådet hjå Amfi Ørsta, Eileen Holte.  Foto: Pressefoto

Sport

Amfi Ørsta eller Alti Ørsta, som er det nye navnet frå september 2019, har inngått ein treårs avtale med Ørsta IL Fotball.

Dette betyr mellom anna at det vert Alti Ørsta logo på alle draktene til Ørsta Fotball. 

- For Amfi Ørsta er det viktig å støtte det lokale engasjement og aktvitetar knytt til barn og unge, seier leiar i Marknadsrådet hjå Amfi Ørsta, Eileen Holte. 

- Som lokal aktør er vi avhengige av lokalt samspel, som gjer bygdene våre til atraktive stadar å bu og arbeide og å kome til som besøkande. Ørsta fotball er ein klubb som satsar på breidda og tilbyr aktivitet til 550, der hovudtyngda er barn og unge. Ørsta fotball er ein av dei største fotballklubbane i kretsen.  Dette gjer oss til ein svært stolt sponsor, seier Eileen Holte.