Tre strake sigrar og tabelltopp for Åmdal

Åmdal var favorittar borte mot Flø onsdag kveld og innfridde favorittstempelet.

Audun Lillebø skåra tre mål i 1. omgang for Åmdal mot Flø.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Åmdal hadde full pott etter å ha slått Ørsta 2 på heimebane og Tjørvåg på bortebane. Flø hadde tapt sine kampar mot Gjerdsvika/LGFK 2 og Sæbø. Det tok ti minutt før den første skåringa i kampen kom. Audun Lillebø, som hadde ein god kamp mot Ørsta, sende gjestene i leiinga. Like etterpå dobla Sigurd Nybø leiinga for Åmdal. Ti minutt før pause skåra Lillebø sitt andre mål for kvelden. Nokre minutt før pause kom det tredje mål for Lillebø og 4-0 til Åmdal. Kyrre Fitje teikna seg og på skåringslista og Åmdal gjekk til pause med 5-0-leiing.

Etter kvilen rann måla inn for Åmdal. Til slutt vart det heile 14-0. Dermed står Åmdal med full pott på sine tre kampar og toppar tabellen i 6. divisjon avdeling 2.