Perleskåring og snuoperasjon då Vartdal slo Ørsta

Ørsta 2 var i leiinga til pause heime mot Vartdal, men i 2. omgang viste Vartdal stor vilje då dei snudde kampen med tre skåringar.
Sport

Vartdal fekk ein glimrande start på sesongen med 10-1-siger heime mot Flø i første seriekamp. I førre serierunde fekk eit ungt Ørsta 2-lag det vanskeleg borte mot Åmdal. På Legene vart det 3-1-siger for heimelaget. Onsdag kvled møttest laga på Ørsta stadion. I den kalde mai-vinden var det heimelaget som var best før pause. Då kampen var fjorten minutt gammal fekk Markus Halse avslutte to gonger. På forsøk nummer to sette han ball inn bak Allan Kjærbech i Vartdal-målet.