520 deltakarar på Tinestafetten

Idrettsglede i verdsklasse på Ørsta stadion

Sport

Det aula av folk på Ørsta stadion tysdag seinettermiddag. Tine-stafetten har vorte ein årviss tradisjon, og folk møter opp for å sjå Noregs framtid springe tunga ut av munnen i tevling med fleire. Volda og Ørsta var saman her, sjette og sjuande klasser frå barneskulane og åttande og niande klasser frå ungdomsskulane. Om det var heimebana som gjorde største utslaget, skal eg ikkje seie mykje om, men stafetten vart  mykje dominert av Ørsta-skulane, resultatmessig sett. Men her var alle med. Tilsaman 520 born og ungdommar. Vi såg fleire som nesten slo floke og elles synte tydelege teikn på at april-sommaren  har vore borte i meir enn ei veke. Spreidde snøbyger drog seg langs fjella på nesten alle kantar, men på stadion skein sola, heldigvis for dei fleste, og mest for dei i «kortebrok» og t-skjorte.