Noregs eldste fjellskirenn gjennomført

Trym til topps i Standalrennet

I helga vart den 77. utgåva av Standalrennet arrangert. Trym Øye frå Ørsta alpin gjekk til topps i si årsklasse.

Klassesiger: Trym Øye (til høgre) vann Gutar 19+ i Standalrennet. Her saman med Jens og Aksen Lunde frå Aask. Foto: privat 

Sport

Lite snø i fjellet gjorde at årets løype vart betydeleg kortare enn det den vanlegvis er. Sjølv om målgang vart flytta høgare opp enn Standalhytta vart det eit godt, jamt og spennande renn. Litt færre deltakarar enn normalt var det også. Dei nemnde snøforholda må kanskje ta litt av skulda for det – i tillegg til at vi nettopp har lagt bak oss ei særdeles vêrsnill påske for skifolket. Trym Øye frå Ørta Alpin vart vinnar av gutar 19+ med tida 1.24.

Andreas Dimmen vann årets utgåve av Standalrennet. Espen Åmbakk frå Ørsta Alpin deltok også, men var uheldig like før mål og måtte ta ein omveg. Likevel fekk han den sterke tida 1.34. Raskaste kvinne var Kristina Slinning (AaSK). Ho brukte også 1.34 ned Fingersida. Per Endre Woldsund frå Eitrefjell telemarkklubb på tida 1.43 var den einaste som deltok frå Ørsta med telemarksski, og fekk ein 2.-plass i herrar 40 +. I alpinklassa 40 + deltok Terje Myklebust med ein 2.-plass og Asgeir Standal nr. 3, og representerte AaSK. Vêret og temperaturen var snill på renndagen – så snill at after-ski-seansen på terrassen etter rennet vart som den bruker på Norges eldste fjellskirenn: Strålande, med mykje moro og godt humør.

Innsendt