Spurtslo førehandsfavoritten

Nahom Kibreab (Ørsta IL friidrett) vann 1. mai løpet på Åheim. Med det tok 18-åringen sitt første napp i vandrepokalen.

Nahom Kibreab - Ørsta friidrett - 1. mai-løpet Åheim 

Sport

Nahom vann framfor Kristian Nedregård som har vunne dei siste 13 gongane. Førehandsfavoritt var Kristian Nedregård frå Spjelkavik og omegn. Han har vunne løpet 13. år på rad. Kibreab og Nedregård veksla om å ligge i tet i løpet, men på oppløpet sette Nahom inn sluttspurten og drog ifrå Nedregård. Nahom vart vinnar på tida 10.30.