Ørsta starta med sterk bortesiger

I sesongpremieren reiste Ørsta heim med tre poeng frå Fosnavåg.

Ørsta 2019: Bak f.v. Ane Serine Dimmen, Tina Holvik Kvalheim , Oda Rekkedal, Margrethe Nybø , Lene Vassbotn Sundklakk , Anthonett Koikoi, Hanne Camilla Osborg Kvammen, Ellen Marie Bjørdal Eikenes, Svea Gretland , Emilie Øye og Kjell Einar Dagfinrud. Framme f.v. Henning Nygård, Mari Myklebust Ørstavik, Camilla Øye Hamar, Kristine Flem, Helena Nygård, Mathilde Dagfinrud, Kaja Rekkedal og Victoria Ervik Halse.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Damelaget til Ørsta IL fotball har lagt bak seg ei god sesongoppkøyring. Torsdag var det klart for sesongstart. På bortebane var Bergsøy motstandar. Kampen var berre seks minutt gammal då gjestene tok leiinga. Målskårar var Helena Nygård. Den unge Ørsta-spelaren sitt første mål på seniornivå. Sju minutt før pause utlikna heimelaget. 1-1 var stillinga då laga gjekk i garderoben.


Sesongstart for Ørsta denne veka:

– Er betre rusta i år

Ei god sesongoppkøyring, ei spelargruppe med meir erfaring og ein vellukka treningsleir til Tyrkia er nokre av faktorane som gjer at det kan bli ein spennande sesong for Ørsta sitt damelag i fotball.


2. omgang var berre to minutt gammal då Anthonett Koikoi sende Ørsta tilbake i leiinga. Elleve minutt seinare var Tina Holvik Kvalheim frampå og auka til 3-1. Etter 61 minutt fastsette Nygård sluttresultatet til 4-1-siger for Ørsta. Ein god start på sesongen i 4. divisjon. Første heimekamp for Ørsta er komande veke mot Ravn 2/Brattvåg 2.